![]() |
26.-29.januar er det NM på ski på Voss. I fjor hadde Nord-Trøndelag BU tilsvarande NM-camp i Steinkjer, og under ski-VM i Oslo kom bygdeungdommar frå heile Noreg til VM-camp. I år er det Voss BU sin tur; her vert det bålbrenning og god stemning frå torsdag morgon til langt utpå sundagen.
Berre å møta opp
Dei som vil kan bu i telt eller lavo på same stad, det er berre å møta opp.
NB: Du må framleis ha billett inn på arenaen og fylja publikumsbussen opp frå Vangen.
Sjå Voss Bygdeungdomslag på på Facebook for meir informasjon!
Vel møtt!








