Fjorårets vinnar av Årets Unge Bonde, Roar Lima Grødeland, tok med seg familien til Barcelona i vår. Reisa ar ei del av premien grisebonden fråJæren fekk då han blei utpeikt til vinnaren blant heile 100 føreslegne kandidatar. Sjølv skildrar han Barcelona-turen som ein avstikkar frå kvardagen.
- Kven var det som reiste på tur?
- Barcelona og Spania viste seg frå den fine sida då me fekk sjansen til å ta oss eit avbrot frå ein hektisk kvardag. Heile familien Grødeland, det vil seia; Magnus 5 år, Rasmus 3 år og Karen Marie 2 år samt mor Anne Karin og far Roar vart med på turen som me vann i samband med kåringa “Årets unge bonde”. Staden som vart valgt vart ein by rett utanfor Barcelona som heitar Sitges som fall veldig i smak for vår del.
- Korleis var området der de budde?
- Me enda opp i eit leilighetshotell der me var dei einaste som nytta det 5 mål store bassengområdet i vekedagane. Både born og vaksne satte stor pris på dette området der me kunne springa fritt på plenen og velja mellom 5 basseng. Jamvel om vatnet ikkje var av det varmaste våga både dei små og store uti og fekk symjehud etter ei vekes opphald. 50 meter frå hotellet låg ei flott strand som det også var stor aktivitet på. Ungane grov i sanden og fann runde stein som dei absolutt skulle ha med seg til Noreg att. Det blei såleis forklart at Noreg har nok stein frå før og treng ikkje så mykje meir. Den lokale maten var god og me fekk prøvd litt av kvart. Borna fann fort sin favoritt med Pizza Margerita på den lokale resturanten!
(Artikkelen held fram under biletet)
- Såg dykk nokre severdigheiter i løpet av turen?
- Med ein kort togtur inn til Barcelona og litt taxi for å koma på rett stad havna me ved den kjente kyrkja La Sagrada de familia som er ei kyrkje som dei har bygd på i mange hundre år og som aldri vert ferdig, men som til gjengjeld er litt av eit skue. Mange heisekranar omkransar utallege tårn der det eine er flottare enn det andre. Utskjeringar og vindauge om einannan der ulike tidsepokar og arkitektur viser eit mangfaldig arbeid. Rett ved Kyrkja ligg Mc Donalds der me hadde lunsj med populære speledåser i bornemenyen. Både hamburger, pommes frites og is etter på vart raskt fortært før ein heftig spasetur i Barcelonas gater vart gjennomført. Paraplyselgjaren i Barcelona fann eit lett bytte i ein stakkars familie frå Noreg som ikkje hadde venta regn i syden. Mange attraksjonar vart inspisert og foreviga med kamera. Det er ikkje alltid ein hugsar dei mest monumentale bygga best, og funnet av ei lokal død rotte i ei gate er nok det som sit best igjen i minna hjå dei små.
- Korleis var det å koma heim att?
- Etter ei veke lengta mor og far heim til bygging av nytt grishus, mens dei små helst vil vera i bassenget ei stund til. Kan tenkast å ha samanheng med det daglege inntaket av is på ferie å gjera. Ein brun og blid familie kom heim til Orre og det vert nok den einaste ferien dette året då bygging av nytt grishus er komen godt i gang og må vera ferdig til vinteren då purker frå Trøndelag kjem. Me vil til slutt takka for turen og for ei stor oppleving!
Om du vil få sjansen til å oppleve Barcelona sjølv eller gje ein bonde du kjenner ein slik sjanse, så nominér ein kandidat til Årets unge bonde 2011 her då vel!






