Ditt fylke

 

Får ein billeg bokhaust

Dei to vinnarane av bokstipenda me utlyste i vår og sommar har no fått kvar sine megasjekkar!

I samband med rekrutteringskampanjen til Grønn utdanning utlovde Norges Bygdeungdomslag og McDonald´s store bokstipend til dei som kom opp med beste grunngjeving for å ta ei grøn utdanning.  Dei to studentane med beste grunngjeving skulle få to bokstipend kvar - eitt til seg sjølv og eitt til ein medstudent.

- Gratulerer!

Etter at juryen beståande av representantar frå NBU og McDonald´s hadde sagt sitt vart det klart at Blæstadstudenten Dag Arne Werner frå Lillehammer og Åsstudenten Thea Johansen frå Moss stakk av med stipenda.  I tillegg hadde dei utpeikt tilhøvesvis Karen Victoria Aas og Katrine S. Overå som sine heldige medstudentar til å dela potten med.

I september har den hødtidelege overrekkinga av sjekkar på 5000 kroner til kvar av vinnarane og medstudentane deira funne stad. Espen Eikås Syljuåsen, bygdepolitisk nestleiar i NBU, stod for utdelinga av sjekkane til Thea Johansen på McDonald´s Ås, og Erik Krogrud, leiar i Hedmark BU, overrakte beviset på at Dag Arne Werner får ein billeg bokhaust på McDonald´s Hamar.

Me gratulerer dei heldige, og ønskjer dei og alle andre studentar innan grøn utdanning eit strålande studieår!