Ditt fylke

 

Har tru på enklare register

Mange lokallag går glipp av verdifulle kroner grunna eit tungvint frivillighetsregister. No set opposisjonen regjeringa til veggs for å letta byråkratiet.

 - Å koma seg inn i frivillighetsregisteret er per i dag ofte ikkje gjort på fyrste forsøk. Det gjer at mange gjerne mistar motet.  Difor vart eg veldig glad då eg såg at høgrepolitikar Olemic Thommessen sette frivillighetsregisteret på dagsorden i Stortinget, seier registerkonuslent i NBU, Øyvind Sogn.

Går glipp av inntektskjelde

Frivillighetsregisteret er lokallaga sin inngangsport til Grasrotandelen, og dessutan vil laget få seg eit organisasjonsnummer - noko som er viktig for å fungera på best mogleg vis i frivilligheits-Noreg i dag.

Men av NBU sine 80 lokallag er berre sju oppførde i frivillighetsregisteret.  Det vil seia at mange lag går glipp av ei potensiell inntektskjelde.  Registerekspert Sogn trur mykje av problemet ligg i eit lite fleksibelt frivillighetsregister.

- Det krevst til dømes korrekt førte årsmøteprotokollar, stiftingsdokument og andre ting som ligg over hovudet på 16-17-åringar.

- Forenklingsarbeidet er i gang

Men nemnde Thommessen frå Høgre sette kulturminister Annicken Huitfeldt til veggs under Stortingets spørjetime 15.desember. Han viste til at regjeringa har lovd enklare ordningar for det frivillige Norge fleire stader i innevêrande Statsbudsjett.  Vidare peika han på at Frivillighetsregisteret er ei nøkkeloppgåve her:

"Hvilke konkrete planer har regjeringen for videreutviklingen av Frivillighetsregisteret, og hvilke forenklingstiltak for frivillig sektor vil komme i 2011?"

Kulturminister Huitfeldt svara mellom anna at regjering har:

"Valgt å starte med utfordringene til barne- og ungdomsorganisasjonene. Vi har invitert Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner til å sitte i en arbeidsgruppe sammen med departementet. Arbeidsgruppens mandat skal utformes i samråd med Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner."

Her kan du lesa heile svaret og spørsmålet frå Stortingets spørjetime.

- Oppmodar til registrering

- Svaret var lite forpliktande, men i alle fall positivt. NBU er med på denne runden med departementet gjennom vår plass i LNU, seier Sogn.

Til saman 30 NBU-lag er oppførde i Enhetsregisteret. Denne registreringa er ein føresetnad for å vera med i Frivillighetsregisteret, men her er berre 10 NBU-lag med - tre av dei fylkeslag. Det vil seia at berre sju av 80 lokallag kan motta Grasrotandel. 

- Me oppmodar absolutt laga våre til å gjera dei nødvendige registreringane for å få grasrotandel, avsluttar Sogn.

Her kan du lesa meir om Grasrotandelen og Frivilligheitsregisteret.