Tevlingane har opp gjennom tidene variert frå til dømes skjortestryking og prydsøm til rundballepulling og motorsag. Tevlingane starta med den hensikten at dei skulle gje opplæring i landbruk og husstell, men det skulle og vera ein sosial møteplass for ungdom på bygda.
Etter kvart har tevlingane gått over til å verta meir showprega, og tilknytninga mot landbruk og husstell er ikkje like sterk som før. I dag er det viktigaste med tevling at det skal vera kjekt, sosialt og lærerikt. Framleis er det slik at nye tevlingar kjem til, medan andre går ut.
PLØYING
Pløying har vore ein viktig del av NBU sin tevlings-aktivitet opp gjennom åra. Men -tidene forandrar seg, og det vart færre og færre som vart med på denne tevlinga. NBUs årsmøte vedtok difor å ta pløying ut av lands-tevlingsplanen i 2000. Likevel er det framleis fylkeslag som arrangerer tevlinga, og Norsk Pløying har eit samarbeid med NBU ved at dei arrangerer NM på NBU sitt haustarrangement.
MOTORSAG
VM i motorsag vart arrangert fyrste gong i Romania i 1973. Året etter vart meisterskapet -avholdt på Kalnes Jordbruksskole i Østfold, og verdsmeister vart Bjarne Fremstad fra Vestre Toten i Oppland. I 1980 vart VM i motorsag arrangert i Brandbu på Hadeland og i 1987 var Brøttum i Hedmark vertskap. NBU arrangerte VM i år 2000, og meisterskapet vart da lagt til Akershus.
NBU har eit landslag i motorsag som reiser til VM og Nordiske meisterskap, og resultata her er ofte gode.
Sidan 1957 har det vore utdelt kongepokal til norgesmeistere i traktorpløying. Frå 1985 har kongepokalen også vorte utdelt til norgesmeistere i motorsag. I dag deles kongepokalen ut annakvart år til pløying og motorsag.
DIT PEPPAREN GROR
Tevling har alltid vore trygt forankra i organisasjonen, men det har iblant oppstått diskusjon om kva for ein plass tevlingane skal ha i NBU. I 1980 rasa det ein tevlingsdebatt i Akershus BU sitt medlemsblad EKKO.
Lokallagsleiaren i Vestby meinte at tevlingane berre var av interesse for ungdom med gard, og ønska tevlingane dit pepparen gror. Mange tok til motmæle og forsvarte tevlingas plass i organisasjonen, og sjølv Bondelaget blanda seg inn i debatten.
Vestby BU fekk fleirtall på sitt årsmøte for å avvikle tevlingsverksemda i laget. Det heile enda utan dramatikk, men det interessante var at nokon stilte spørsmål ved det fundamentale meininga om at NBU og tevlingar høyrer i lag.
AUKANDE INTERESSE
Dei siste åra har interiør generelt vore veldig in i samfunnet, og dermed har interessa for borddekking og blomsteroppsetting auka. Grønt og grovt, ost, spekemat og blautkakepynting er andre innetevlingar som framleis er populære.
Likeeins er vi no inne i ei tid med dansefeber. Dette vil nok gje positive utslag for swingtevlinga, enda den alltid har stått sterkt i NBU.
Eksteriørbedømming av ku, hest, sau og gris og TRT (Traktor, reiskap og tryggleik) har stått sterkt når det gjeld utetevling. Kombinert skogbruk lag og individuelt er og ei tevling på landsplan, men deltakinga har vore varierande. NM i Skogplanting vart arrangert for siste gong i 2005 grunna få tevlarar.
Når det gjeld tevlingsaktiviteten i dei ulike fylkes- og lokallaga har det gått litt opp og ned. Antall tevlarar har òg variert, men har auka på landstevlingane utover på 2000--talet.
Antall lokallags- og fylkes-uttak til tevlingar gjekk ned på 90-talet, men har i dei siste åra vore på veg opp att.
NYE TEVLINGAR
Mopedtevlinga er ei ny tevling som kom inn på landstevlingsplanen for fyrste gong i 2006. I rundt år 2000 vart tevlinga prøvd ut på lokallags- og fylkesplan. Tevlinga går ut på presisjonskøyring av moped i ei løype med ulike utfordringar.
Rundballepulling var ei tevling som vart prøvd for fyrste gong på Landsstevnet i 2005. Eit lag på 5 personar skal dra ein rundballe fortast mulig, oppover ein slak bakke.
Mange lokallag og fylkeslag har brukt fantasien, og prøvd ut mange nye tevlingar. Dette har gjett resultat som hamburgartevling, grillspydtevling, kortlagingstevling og SMS-tevling.
TEVLINGSPRIS
Tevlingsprisen vart innført på årsmøtet i 2004 og delast ut til det lokallaget som hadde mest tevlings-aktivitet.
Tevlingane har vorte meir publikumsvennlige. Utover på 90-talet vart det opna meir for at publikum kunne vera tilstades under heile tevlinga. Tevlingsaktiviteten er på veg oppover, og vi håper at det vert 60 nye år med mykje bra tevlingsaktivitet!






