| ILLUSTRASJONSFOTO: Oppland BU heldt i haust stand for å oppmoda ungdom til å stemma ved lokalvalet i 2011. No ser det ut til at dette og andre tiltak lukkast ettersom andel fyrstegongsveljarar skaut i veret frå 2007. |
- Generelt står det ikkje så verst til når det gjeld makta ungdommen her til lands har, sa statsvitar Dag Wollebæk under eit frukostseminar 2.februar i regi av LNU som tok føre seg den ferske NOUen (Norges offentlige utredninger) "Ungdom, makt og påvirkning".
Delt i synet på stemmerett for 16-17-åringar
To moment som gjer at ein kan seia politisk påverknad blant ungdom er betre enn før gjeld auka valdeltaking og god bruk av sosiale medier. Når det gjeld politisk deltaking syner ferske tal at andel fyrstegongsvelgjarar som stemte ved kommune- og fylkestingsvalet i 2011 auka betraktleg frå valet i 2007. At 46% fyrstegongsvelgjarar stemte i 2011 mot 33% fire år før er naturlegvis gledeleg lesnad for NBU og prosjektet "Stem.Bestem".
I samband med dette vart det under frukostseminaret sagt ein del om korleis NOUen "Ungdom, makt og påvirkning" forheld seg til å innføra stemmerett for 16-åringar. For trass i at valdeltakinga blant 16- og 17-åringane i dei forsøkskommunane der dette vart utprøvd låg på heile 60% i snitt, klarde ikkje utvalet å koma fram til ei udelt støtte for å gjera 16- og 17-åringar stemmeberettiga.
- På dette punktet leverte me ei delt innstlling fordi utvalet bak rapporten ikkje vart einige. Eg ser at det er gode argument både for og mot, men gjekk inn for at ein bør halda på dagens ordning med 18 år som lågaste alder for valdeltaking. Det som gjorde at eg hamna på dette var at me hadde ei utreiing som synte at berre om lag ein tredel av dei mellom 16 og 18 år faktisk ønskja å stemma ved val, og det gjer at kreftene bak eit slikt ønskje ikkje er så store, sa Wollebæk, som altså har vore med å laga NOUen.
Bjarne Dæhli, tidlegare leiar i LNU, var også med og laga NOUen, men gjekk inn for at 16- og 17-åringar bør få stemmerett.
- Eg trur mellom anna at stemmerett for denne aldersgruppa kunne føra til meir fokus på saker som angår ungdommen, sa han under frukostmøtet.
Det andre momentet som gjer at ungdom ser ut til å ha meir politisk påverknad enn før, er sosiale medier.
- Me gjorde undersøkingar på dette og såg at ungdom er overrepresenterte i bruk av sosiale media som ein kanal for politisk påverknad. Dette har mellom anna å gjera med at kunnskapen om fenomenet er høgare blant dei yngre, sa Wollebæk.
Lite makt i skulestell og ungdomsråd
Men det kom også fram på frukostseminaret at ungdommen ser ut til å ha mindre makt på visse områder, mellom anna i skuleverket.
- Her har makta til ungdommen vore i fritt fall dei siste ti åra, sa Dæhli.
Mellom anna peikte panelet på at dagens skulereglement i for liten grad oppmuntrar til politisk engasjement når det berre gjev 14 dagar gyldig fråvèr for å driva politisk arbeid på vidaregåande nivå og ingen opning for gyldig politisk fråvèr på ungdomsskulenivå. Emil Engeset, rådgjevar for politikk og organisasjonsutvikling i Unge Høgre var tredjemann i panelet under frukostseminaret, og supplerte inntrykket av at skulen i for liten grad oppmuntrar til ungdommeleg politisk påverknad.
- Ein del rektorar rundt om er svært skeptiske til å sleppa til organisasjonar på skulane slik at dei kan informera elevane om moglegheitene som finst i organisasjonslivet. Denne kampen med dei mektige rektorane er den fyrste kampen ein bør ta.
Panelet tok også opp eit anna punkt frå NOUen der ungdommen har mindre makt enn det ser ut til, nemleg ungdomsråda i kommunane.
- Mange opplever her at dei ikkje får så mykje ut av det å sitja i eit ungdomsråd som forventningane og innsatsen skulle tilseia, påpeikte Wollebæk.
- Kommunane gnir seg i hendene og meiner dei har skapt ein arena for ungdommeleg påverknad, men i realiteten får ungdomsråda knapt velja smaken på yoghurten i sine eigne møter, sa Engeset lett satirisk.
Eit breitt samansett utval har utarbeidd NOUen "Ungdom makt og påvirkning" og leiar av utvalet var tidlegare barneombod Trond-Viggo Torgersen. NOUen er no oversendt barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet med framlegg til ymse tiltak. Heile NOUen kan du lesa her:
Tekst: Ole Ramshus Sælthun, infokonsulent NBU






