Kortnebbgåsas ve & vel er starta av Jo Kristian Kvernland og Håvard Haugan som har flytta tilbake til heimbygda Beitstad.
Dei har eit ønskje om å gjera bygda til verdas beste bygd å bu i!

Kortnebbgåsa er ein trekkfugl som kjem i tusental til bygda på tur nordover på våren. I løpet av dei få intense vekene dei er innom, er dei til pest og plage for innbyggjarane. Fuglane skit, bråker og øydelegg avlingane. Men desse to gutane snur denne plaga til noko positivt og humoristisk! Eitt av slagorda deira er ”Æ trække te Beitstad! Gjør du?”.
Kortnebbgåsas ve & vel er opptekne av at ungdommen skal bli stolte av bygda si, og at dei skal komma tilbake til heimbygda for å etablere seg. Gutane har mange planer, og nokon av dei er at dei skal sende postkort til utflyttarane, laga musikkvideo om bygda, ha fadderordning der dei skal helse på alle nyinnflytta og gi dei t-skjorter og abonnement på lokalavisa. I tillegg har desse to gutane skjønt eit veldig viktig problem som finst i mange bygder, nemleg at det er fleire jenter enn gutar som dansar swing! Derfor vil dei hjelpe jentene med å lære fotballklubben swing slik at jentene får nokon å danse med!! Kanskje får dei prøvd ut kunnskapane på vandrepuben. Konseptet går ut på å drive pub på Beitstad annankvar månad. Fyrste pub vart arrangert av Beitstad nattbadeforening (!).
Desse gutane har reist rundt og heldt foredrag og tala om kvifor og kva dei har lykkes med, og dei fekk til og med det ærefulle oppdraget å halde 17.maitala i bygda.
Kortnebbgåsas ve & vel ønskjer å gi beitstøingar eit sterkare forhold til bygda og bevisstgjera innbyggjarane om at dei kjem frå ei attraktiv og fin bygd.
Desse tankane høyres kjent ut for ein BU-ar med engasjement for bygda. Kanskje har du noko i bygda di som du kan snu til noko positivt, slik som desse gutane?! Send det for all del inn til NRfA-heftet! agnethe91_@hotmail.com
Sjekk ut www.facebook.com/kortnebb og www.twitter.com/kortnebb og la deg inspirere. Beitstad har eiga heimeside: www.beitstad.no







