Bla opp lokalkunnskapen, særegenhetene og de lokale heltene; vi skal på rundtur!
I år har Noregs Bygdeungdomslag eit sprekt kulturprosjekt som heiter Norge Rundt for Amatører! Akkurat DU som les dette kan vera med og setja heimplassen din på kartet! Formålet med prosjektet er å spreie kunnskap om Bygde-Noreg og gjera BU-medlemene oppmerksame på sitt eige lokalsamfunn. Dette blir morosamt og spennande, og det er de der ute som i stor grad blir med og formar prosjektet, saman med kulturnemnda i NBU.
Prosjektet er delt inn i to delar. Den eine delen står i å laga eit hefte der attraksjonar, særeigenheiter, og ymse sprell frå Bygde-Noreg blir presentert. Lokallaga skal sende inn bidrag til heftet, og på den måten blir dei betre kjent med si eiga bygd i tillegg til at BU-arar rundt om i landet blir betre kjent med staden, og kanskje får lyst til å komma på besøk! Attraksjonane blir sett på kart i boka, så folk kanskje får lyst til å ta seg ein ferietur litt utanom det vanlege rundt i BU-Noreg. Attraksjonane kan t.d. vera festivalar ein vanlegvis ikkje høyrer om, kulturminne, sjåverdigheitar, kjende personar, dialekttrekk, lokale handarbeidsoppskrifter, lokale matoppskrifter og morosame tradisjonar. Det er heilt sikkert mykje rart der du kjem frå som kan gjera bra seg i boka, så det er berre å begynne å gå på skattejakt i nærmiljøet.
![]() |
Den andre delen går ut på å gjera BU-arane gira på prosjektet og gi dei inspirasjon til heftet. Sentrale BU-arrangement får innslag av aktivitetar relatert til heftet, blant anna aggressiv korsstingkurs på vårkurs, og langbord med lokal mat på landsstemnet.
Lokal tilhøyrsle og identitet er bra, spesielt med tanke på tilbakeflytting, så for å gjera ungdommen merksame på det fine i lokalsamfunnet, er det ein konkurranse for fylkeslag som heiter Turist i Eiga Bygd. Premien er på 2.500 kr. og går til det fylkeslaget som har den beste søknaden. Pengane skal brukast til å leie inn folk som kan halde t.d. rorbukveld med historier og lokale særeigenheiter, eller andre ting som gjer at ein blir betre kjend med det lokalsamfunnet.
På nbu.no skal det kvar veke komma ut tekstar om tradisjonar og typisk norsk snadder, så følg med!
Noreg Rundt for Amatørar vil forhåpentlegvis bidra til auka tilknyting til bygda og til å få fram alt det unike og sjarmerande som rører seg der ute i periferien… Er du klar??







