| Illustrasjonsfoto |
Her i landet bruker vi i snitt 11,7 prosent av inntekta, eit tal som har sokke som ein stein etter andre verdskrig. Seinast på 1950-talet brukte nordmenn over 40 prosent av inntekta på mat.
Berre ei handfull av Europas mange land har relativt sett billigare mat enn Norge.
Det viser Eurostat sin siste tilgjengelege statistikk over kor stor del av forbruket i den enkelte husstand som går til å kjøpe matvarer og alkoholfrie drikkevarer.
- Mange gløymer inntektsnivået
- Nordmenn har god råd i dag og bruker relativt lite av inntekta på matvarer. Det har samanheng med velstandsutviklinga, men
du kan også seie at matprisane her i landet er låge i forhold til inntektsnivået, seier Eiliv Mørk i Statistisk sentralbyrå (SSB) til Nationen.
Luxembourg, som toppar lista over landa der det blir brukt minst pengar på mat, blir av Mørk karakterisert som eit heilt spesielt
tilfelle. Norge ligg elles på linje med våre naboland i Norden, med Danmark og Finland under oss og Sverige over.
— Den enkle forklaringa er at lønsnivået i Norge er høgt, og sjølv om mange seier at maten er dyr så går det relativt lite
av inntekta vår med til å kjøpe den. Statistisk sett er derfor maten relativt billig i Norge, seier rådgjevar Mads Svennerud
i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (Nilf), som følgjer prisutviklinga på mat tett.
— Kvifor sit mange her i landet likevel att med eit inntrykk av at maten er dyr i Norge?
— Det er det ikkje så lett å gi eit svar på, men det kan tenkast at mange gløymer å tenke over at inntekta også er høg her
i landet når dei samanliknar matprisane under opphald i utlandet, seier Svennerud.
Les meir om saka på nationen.no.






