Ditt fylke

 

Nyttig erfaring frå Murmansk

NBU går ikkje inn i større samarbeid med YHM i Murmansk, men Internasjonalt utval meiner heilt klart turen til den russiske byen hadde mykje føre seg.

I mars i fjor reiste tre NBU`arar til Russland for å delta på seminaret Dialog Murmansk. Internasjonalt Utval i Norges bygdeungdomslag hadde vore interessert i samarbeidspartnarar utanlands, og hadde i framkant av turen fått kontakt med organisasjonen Youth Humanistic Movement (YHM).  Dette er ein liten, men arbeidssam organisasjon som har gjennomført 30 større og vellukka prosjekt.

Problematisk avstand 

YHM var på utkikk etter ein norsk samarbeidspartner, men for NBU sin del vart det vanskeleg med noko større samarbeid utover studieturen til Dialog Murmansk.

" Avstand er meir avgjerande enn vi hadde tenkt på førehand i forhold til det typen samarbeid som vi hadde tenkt oss" skriv turdeltakarane i rapporteringsskjemaet til LNU etter turen - som det vart gjeve demokratimidlar til.

Særskild ville den store fysiske avstanden gjera det dyrt og tidkrevjande å få i stand møteplassar mellom dei to organisasjonane. Dessutan er NBU og YHM såpass ulike organisasjonar at det ville ha vore vanskeleg å samarbeida om felles saker.

- Medan me fyrst og fremst driv med bygdepolitikk, konsentrerer dei seg om rettferdigheit og dei store spørsmåla.  Men det var veldig interessant å sjå på arbeidsmetodane deira, noko me allereie har drege lærdom av sjølve, seier generalsekretær i NBU, Astrid Seime.

Føremålet med turen og føresetnaden for dei tildelte demokratimidlane var at ein skulle sjå på om eit samarbeid med YHM kunne vera mogleg; det var ikkje gitt at ein faktisk skulle gå inn i større samarbeid.

Konkrete resultat av work shop

Internasjonalt utval er klare på at turen hadde mykje føre seg. Hovudføremålet med turen var Dialog Murmansk - eit seminar organisasjonar i heile Europa vert inviterte til.  Poenget med seminaret var å diskutera framtidsutfordringar for ungdommar på kontinentet, samt å sjå på positive tiltak.

I det nemnde rapporteringsskjemaet viser til følgjande vinstar av turen til Murmansk:

  • å vere aktive og reise ut å møte engasjert ungdom.
  • sjå korleis ein annan organisasjon er organisert og såleis få nokre idear som ein kan ta med seg vidare inn i organisasjonen. Det kan vere enkle ting som oppslagstavle for alle, work shop - noko ein kan gjere i NBU, til dømes på Landsstevnet
  • å skrive søknad - det er ei god øving og noko vi absolutt må gjere meir av i framtida.
  • prosessen - lære litt og sjå korleis den er.

NBU-utsendingane Leif Roar Bævre, Agnete Børresen og Astrid Seime deltok på tre workshopar i Murmansk, og meiner det gav konkrete resultat:

"NBU nytta work shop før generaldebatten under årsmøtet. Resultatet var at ein auka andel av årsmøtedelegatane gjekk på talarstolen", står det i rapporten.