Ditt fylke

 

Reisebrev frå sommarstemne i Valdres

Tre jenter frå Hedmark drog med Honningkrukka til sommarstemne i Valdres. Det var verdt turen for å seie det slik!

Som gjester i eit anna fylke vart vi tekne veldig godt i mot! Vi kom litt seint, men etter litt mat fekk vi med oss kulturmønstringa med mange freske innslag! Det var byrjinga på ei tredagars sjarmetappe frå opplendingane. Vi fekk høyre ein uhyre morosam sjølvskriven ufrivillig trestemt song utan rim, ein god gut på gitar og song, og ein urban DJ med dansarar. Vinnarinnslaget hadde Vardal/Snertingdal som var ”Fisjing i Vællesj” som var veldig morosam og vi hadde nok den på hjernen alle saman resten av helga.

Mange gutar dekorerte blomar!

Temaet for sommarstemnet var ”kjenn suuuge” henta frå ”Fisjing i Vællesj”, og etter denne helga vil vi nok kjenne suget etter Valdres kvart år, for det var heilt nydeleg i Øystre Slidre, og stemninga var på topp heile helga.

Etter swingtevlinga fredag kveld var det allereie seint, og nokon la seg for å vera førebudd til dagen etter, medan andre var lenge vakne og hygga seg. Laurdagen var uansett alle freske og klare for motorsagtevling, TRT, blomsterdekorering og spekemat. Vi likte spesielt godt at det var ein del gutar som deltok i blomsterdekorering! Da desse tevlingane var unnagjort, reiste vi alle ned til Valdres folkemuseum for å delta på ”Landbruksdagen”. Der var det liv og røre med blant anna ”valdreskurv”, kyr og hestar. I amfiet føre mykje publikum hadde BU finale i motorsag og swing. Heldigvis var det opphald akkurat da, for regnet hølja ned både før og etterpå. Før vi drog att fekk vi middag. Sjølv om mange da var slitne, gjennomførte vi 5 om dagen før det vart hurtigdusjing og bankett.

Motortrøbbel

På banketten åt vi lapskaus, og det var premieutdeling. Så starta festen med band, og dansegolvet var fullt av ivrige swingdansarar heile kvelden. Da festen på lokalet var slutt, heldt festen fram i campingvognene. I Honningkrukka var det rekordmange denne natta! Vi syntes det var trevleg at så mange ville helse på og skapa liv i vogna! Vi hadde til og med underhaldning frå ein ekte valdris med gitar.

Dagen etter smakte det godt med frukost etter den lange natta. Etterpå var det Valdres-quiz før det var på tide å pakke saman og dra. Vi hadde ikkje lyst til å forlate stemnet og dei nye vennene vi hadde fått, men denne dagen skein sola, som ei siste helsing frå Valdres. Det var verkeleg flott å køyre nedover i Valdres i det fine veret. Vi fekk litt problem med motoren slik vi hadde på veg oppover, men den same gjengen frå Biri stoppa og hjelpte oss denne gongen òg! Det seier litt om kor snille BU-arar er.

Tusen takk til Oppland og Valdres BU for eit bra stemne og mykje moro!