![]() |
Bygdeungdommen hadde altså vorte meir aktuell og mindre litterær etter at Norges Bygdeungdomslag tok over eigarskapet i 1948. Likevel gjekk ikkje bladet godt økonomisk - framleis var det eit blad som vart seld i laussal og til abonnentar og ikkje noko reint medlemsblad som i dag.
Filmen vert heftig debattert
Bygdeungdommen heldt det gåande til 1952, men vart då nedlagd grunna stadig sviktande økonomi. Det vakna til liv att fyrst i 1981 og då som reint medlemsblad som NBUs medlemmar fekk tilsendt - desse hendingane står nærare omtala i Bygdeungdommen 4/2011.
For å halda oss til bladet sitt innhald i samtida syner me i dag fram ein kronikk om filmvald. Sjølv om filmen alt hadde eksistert i mange tiår, var det fyrst i etterkrigsåra at det verkeleg tok av. Kinobesøket tredobla seg frå sist i mellomkrigstida til fyrst i etterkrigsåra, og på slutten av 40-talet og heile 50-talet vart det årleg seld over 30 millionar kinobillettar her til lands - det er nesten tre gonger fleire billettar enn i dag.
Såleis hadde nok kinofilmen på mange vis den same posisjonen som dataspel, eller facebook for den del, har i dag - det var eit medium i kraftig utvikling som særskild ungdommen nytta seg av medan den eldre garde var skeptiske til utviklinga mediet tok.
Dermed er det på denne tida mykje tale om film i Bygdeungdommen - både i form av filmomtalar og meiningar om filmane. Ein interessant kronikk om filmen står i Bygdeungdommen 1/1950. Her kjem forfattaren med fleire moglege forklaringar på kvifor det er så mykje vald i dei nymotens filmane og hypoteser om kva det gjer med filmsjåarane - ikkje ulikt den debatten ein har gåande om dataspel i dag.
Ei litt artig forklaring på all valden i filmane som forfattaren trekkjer fram, er at det var særskild mykje angst og vald i tida etter krigen og at dette påverka filmmakarane. I etterpåklokskapens lys kan ein vel konkludera med at filmvalden i alle fall ikkje var nokon forbigåande konsekvens av krigen. Uansett, her er heile kronikken "Kriminalitet og film" skrive av "F.R":
Med det set me punktum for denne serien som har teke oss gjennom dei fyrste 15 leveåra til Bygdeungdommen. Me håpar du har funne det artig og kanskje til og med litt lærerikt. No ser me inn i 2012; det 76.året til Bygdeungdommen, det 66.året til Norges Bygdeungdomslag og eit forhåpentlegvis svært godt år for både organisasjonen, medlemsbladet og nettsida! 3.januar er nbu.no tilbake i "normalt" modus.







