Ditt fylke

 

Sender innspel til jordbruksforhandlingane

Norges bygdeungdomslag sitt innspel har auka lønnsemd i jordbruket som hovudkrav.

 - I fjor køyrde me hardt på rekruttering til og kompetanseauke i landbruket. Det vart delvis innfridd då, så difor har økonomien vorte hovudkravet vårt i år, seier Espen Syljuåsen, leiar i bygdepolitisk utval.

 "God økonomi vil betra rekrutteringa"

Spesielt viser Syljuåsen til dei 4,5 millionane som vart sett av så Norges bondelag, Norges bonde- og småbrukarlag og Landbruks- og matdepartementet skulle få i stand eit prosjekt for å auka rekrutteringa til landbruksutdanningane.  I tillegg køyrer Norges bygdeungdomslag prosjektet "Rekruttering til grønn utdanning" no om dagen. 

Så sjølv om Norges bygdeungdomslag framleis er svært opptekne av rekruttering til og kompetanse i landbruket, vil altså auka lønnsemd vera hovudfokus i dokumentet om dei nært føreståande jordbruksforhandlingane som Staten sine folk no har motteke. Følgjande er to av dei viktigaste krava:

"Det må satses mer på dagens unge gjennom å gi bedre vilkår for oppstart, nybygg osv. Det kan være rentestøtte, gunstige lånebetingelser og/eller rene tilskudd til investeringer."

 "Bedre lønnsomheten i de tradisjonelle jordbruksproduksjonene; uavhengig av støtteordninger, må det være en grunnleggende god økonomi i produksjonene. God økonomi vil automatisk føre med seg økt rekruttering av kompetente folk, samt økt investeringsvilje"

 Følg også med på Norges bondelag sin bodstikkestafett!

 Andre tema i innspelet er miljøbevisstleik, styrking av samvirket og rekruttering, og alt kan du lesa her: