![]() |
| Frå Ægir bryggeri i Flåm |
Lesarane av avisa Nationen har i haust kome med framlegg til kandidatar dei meiner fortener tittelen "Årets bygdeprofil 2011". No er kandidatane klare, og består av Ægir ølbryggeri i Flåm, Sogn og Fjordane, Therese Johaug, skiløpar frå Dalsbygda, Hedmark, Kaizers Orchestra, band frå Jæren, Rogaland, samt fem andre som profilerer bygda godt.
Nationen vil i tida fram mot jul presentera alle dei åtte kandidatane, og du kan i heile perioden fram til vesle julafta stemma på din favoritt her.







