Ditt fylke

 

Tilbodet frå Staten kjem i dag

Klokka 12 onsdag 11.mai kjem Staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane. Norges Bygdeungdomslag aksjonerer rett før tilbodet vert lagt fram.

Seks dagar på overtid kjem det lenge påventa tilbodet frå Staten.  Ein delegasjon frå Norges Bygdeungdomslag møter opp med frø og jord utanfor LMD sine kontor rett før tilbodet vert lagt fram.  Formaningane frå NBU er at om Staten ikkje kjem bygde- og bondeorganisasjonane i møte i årets forhandlingar, får dei starta å dyrka maten sjølve. Forhandlingsleiar frå Staten si side, Leif Forsell, vil ta i mot gåva frå NBU.

Forventar minst 1,7 milliardar

Krava frå bondeorganisasjonane vart lagd fram 28.april, og lyder på 2,6 milliardar kroner. Leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag seier regjeringa ikkje kan tilby bøndene å sakke akterut.

- Etter vedtaka som vart gjort på landsmøta i dei tre regjeringspartia, så kan ikkje staten tilby mindre enn 1,7 milliardar kroner. Då tar dei ikkje sine eigne landsmøtevedtak alvorleg. Summen må opp i 1,7 milliardar kroner for at bøndene ikkje skal tape i inntekt samanlikna med andre, seier Furuberg til nationen.no.