Ditt fylke

 

Vinnaren er klar!

Kven vann kameraet i finalen av Fang øyeblikkets fotokonkurranse?

Det vart Jorid Skjølsvold frå Rindal BU i Møre & Romsdal! Hennar fantastiske skibilete tok kjapt føringa i finalen, men fekk etter kvart hard konkurranse frå Anita Eide sitt artige våryrbilete og Malin Larsen sitt vakre BU-sommarbilete.  Dei tre veksla på å inneha teten, og det var daudt løp ti timar før avstemminga vart avslutta. 

Men i løpet av dei siste timane hanka Skjølsvold sitt bilete inn ein god slump med stemmer, og vann til slutt med rimeleg god margin. Her er topp fem:

1. Jorid Skjølsvold, Rindal BU, Møre & Romsdal - vinnar av delkonkurransen "Skiglede" i mars - 32% stemmer

2. Anita Eide, Skaun BU, Sør-Trøndelag - vinnar av delkonkurransen "Våryr" i april - 23% stemmer

3. Malin Larsen, Stokke & Andebu BU, Vestfold - vinnar av delkonkurransen "BU-sommer" i juli - 22% stemmer

4. Elin Bergendahl, Romedal/Stange BU, Hedmark - vinnar av delkonkurransen "I finstasen" i mai - 10% stemmer

5. Eivor L. Gjerdevik, Time BU, Rogaland - vinnar av delkonkurransen "Danseglede" i september - 4% stemmer

Dermed vil Skjølsvold få eit splitter nytt Nikon D3100 speglreflekskamera tidleg på nyåret. Me gratulerer så mykje, og takkar alle som har sendt inn bilete og stemt i finaleomgangen for at de gjorde "Fang Øyeblikket" til ein knallsuksess!