Ditt fylke

 

nbu.no i ny drakt!

For det observante auge har litt av kvart skjedd med nbu.no i det siste.

 

- Det mest iaugefallande som har skjedd er så klart at hovudbiletet er byta ut.  Eg har fått mange spørsmål om ikkje det var på tide å få eitt nytt bilete, og no er det altså gjort, seier Ole Ramshus Sælthun, redaktør for nbu.no.

Ski-VM vart arenaen

Dei som er så heldige å få pryda toppen av nbu.no i alle fall i nokre månader er NBU-leiar Nils-Håvar Øyås, organisasjonskonsulent i sekretariatet Ida Marie Grimstad, leiar i Møre & Romsdal BU Arnhild Heggemsli Harstad og Hedmark-BUar Marianne Medlien.

- Arenaen for biletet vart BU-campen på Ski-VM - eit arrangement som seier både noko om årstid og sunne interesser.  Framover vert målet å byta ut biletet noko lunde etter årstidene. Men eg vil påpeika at ganske mykje anna har skjeddd med nbu.no det siste døgnet også, påpeiker Ramshus Sælthun.

Prosjekta i NBU har fått ein eigen "knapp", i tillegg er medieoppslaga om organisasjonen flytta frå knappen "Bygdepolitikk" til ein utvida knapp "Bygdeungdommen & media".

- Enklare å finna fram

- Kunsten med ei slik side er å finna namn på menyar som gjer det enkelt å finna fram til det ein vil.  Prosjekta våre er viktige og har vore spreidd litt her og der, så difor har fleire etterspurd ein eigen "prosjektknapp".  Framleis ligg for eksempel Fang øyeblikket under "Kultur" og Trafikkprosjektet under "Tevling" også, men dei er krysspublisert til "prosjektknappen". Dermed trur og håpar eg det er enklare å få eit kjapt inntrykk av hovudsatsingane våre. Når det gjaldt medieoppslag var denne menyen litt "gøymd" under "Bygdepolitikk". At desse no får dela knapp med Bygdeungdommen bør gjera det enklare å finna fram.  Det vil dessutan verta stort fokus på mediearbeidet til dei ulike ledda i organisasjonen frå mi side framover, seier Ramshus Sælthun,

Ei tredje større endring er at alt "organisasjonsmateriale" som til dømes vedtekter, handbøker, logoar og nedlasting av desse har fått plass under "Om NBU". Knappen som før heitte "Nedlasting og tips" heiter no berre "Tips til NBUere".

- Grunnen til dette er at det for meg verkar meir intuitivt at organisasjonsmateriale ligg under "Om NBU" enn ein knapp som heiter "Nedlasting og tips" - fordi det er litt vanskeleg å få tak på kva som ligg under ein slik knapp. Så skal eg ikkje påstå at "Tips til NBUere" er klinkande klart heller, men ein knapp som har litt "diverse" under seg må me nesten ha. Poenget er å få det viktige organisasjonsmaterialet vekk frå ein slik "diffus" knapp., seier Ramshus Sælthun.   

- Sida skal gagna nye medlemmar

I tillegg er det gjort ein del opprydding og mindre omstrukturering her og der. Nokre knappar har fått nye namn som er meint å vera meir dekkande, gamle artiklar har vorte lagd i arkiv under dei ulike knappane, nokre knappar har vore utan innhald og er anten sletta eller har fått innhald, nokre plassar er det lagd til dokument som har falle ut og liknande.

- Så er det slik at folk generelt er lite glade i endringar.  Nokre vil dermed sikkert synast at sida var betre.  Og eg tek gjerne i mot innspel om strukturen på sida på e-post: info@nbu.no. Men hugs ein ting: Strukturen på sida skal fyrst og fremst vera enkel og grei for ein ungdom som er nysgjerrig på organisasjonen eller ein nyerverva medlem som vil lesa meir om Norges Bygdeungdomslag.  "NBU-veteranane" vil alltids læra seg den nye sida fort