logo

Du er her:

Om oss

asdasd

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rogaland Bygdeungdomslag- RBU - er ein fylkesorganisasjon der dei lokale bygdeungdomslaga er med. Bygdeungdomslagsarbeidet i fylket går attende til det førige århundret. i 1888 vart Idun skipa, som igjen har utvikla seg til Klepp og Orre BU. 

Vidare starta nok eit lokallag i 1927, Høyland Bygdeungdomslaget var namnet. Laget slutta seg til Norges Bondelag sine lover. Fram gjennom trettiåra kom det til lag i fleire bygder. Desse kalla seg Bondeungdomslag og rekna seg som del av bondereisinga under Norges Bondelag.  

 

 assdaUnder siste krig vart arbeidet lagt ned, men utover hausten 1945 byrja laga å koma i gang att. Ei betre samordning av aktiviteten på fylkes- og landsplan, som hadde vore eit sakn også føre krigen, vart lagt vekt på.  

 Fylkeslaget Rogaland Bygdeungdomslag vart starta 4.november 1946 i Stavanger. Landsorganisasjonen Norges Bygdeungdomslag vart også starta i Stavanger, 10.august 1946.  

 Med dette hadde ungdommane som hadde vore tilknytt Norges Bondelag starta sin eigen uavhengige asdasdasdorganisasjon. Norges Bygdeungdomslag sa i formålsparagrafen sin at dei ville arbeida for å få med alle ungdommar som var interessert i bygdesamfunnet. Dei lokale laga skifta namn frå bondeungdomslag til bygdeungdomslag. 

 Oppslutnad, arbeidsmåtar og aktivitetsfelt har skifta gjennom åra. I slutten av 40-åra tok bygdeungdomslaget opp tevlingane. Dette vart den dominerande aktivitetsgreina i Rogaland gjennom 50- og 60-åra. Leik-, amatør- og studienemndarbeid vart også drive. Oppslutnaden om desse nemndene varierte frå lag til lag og frå tid til anna. I 1974 kom bygdepolitisk nemnd til som den femte nemnda. I 1981 vart det oppretta eida informasjonsnemnd. 

 Frå krigen og fram til 70-åra svinga medlemstalet ein del opp og ned mellom 1713 som topp i 1956 og 654 som botn i 1967. I siste halvdel av 70-åra auka medlemstalet mykje, til over 3000. 

asdasdasd

Bygdeungdomslaget arbeidar for å få stor breidde i aktiviteten og for å få dra flest mogleg med i arbeidet. Tanken bak den lina er å gje flest mogleg røynsle i å løyse oppgåver saman med andre. På den måten kan rørsla få til stor samla sktivitet, og gjennom det styrkjer bygdemiljøet på mange ulike måtar. 

   

Norges Bygdeungdomslag: Pb. 9377 Grønland, 0135 Oslo
Telefon: 22 05 48 00 : E-post: post@nbu.no

   agrol  Landkreditt