logo

Du er her:

Slik får du et perfekt osteanretningsfat

Elin Sikveland har vunnet NM i osteanretning tre år på rad. Her gir hun deg sine beste tips.

Dette osteanretningsfatet vant Elin Sikveland med i NM under Høstarrangementet på Nærbø i 2016

Elin Sikveland har tevlet seg til topps i NM i osteanretning tre år på rad i seniorklassen (Høstarrangementene i 2014,2015 og 2016). Her gir hun deg sine beste tips til kva som skal til for å tevle seg til toppen i osteanretning: 

1.    Les tevlingsregelen

Det første tipset til tevlaren, er å lesa tevlingsregelen og sjå på dømmeskjemaet før ein kjem på tevling. Der står det litt som kan vera greit å veta, og ein får eit innblikk i kva dommarane legg vekt på. Tevlingsregel og dømmeskjema finn ein på www.nbu.no under tevling.

2.    Plan, form og farge

For å laga eit fint ostefat, kan det vera lurt å ha ein god plan for arbeidet. Teikn opp fatet og marker korleis ein ønskjer å dele inn fatet i felt med ost og frukt/grønsaker. Skriv på kva ost og frukt/grønsaker som skal plasserast kor. Eit tips er å tenkje på kva som kjem til å passe saman på fatet, med tanke på form og fargar som vert verande attmed eller eventuelt ovanfor kvarandre. 


3.    Tenk heilheit 

Fargane ein brukar saman har mykje å seie for heilskapen. Fatet bør ha eit blikkfang, og det kan vera lurt å tenkja på kva fargar ein kan bruka for at dette faktisk vert eit blikkfang. Eit triks kan vera å framheve dette ved hjelp av salat. Det skal vera passe mengde ost saman med frukt/grønsaker.

 

4.    Smakar som passar saman

Vel frukt/grønsaker som smaker godt saman med osten ein har på fatet. Eksempel på frukt og grønsaker som smaker godt til ost og som kan gje fine fargekombinasjonar, er eple, pære, kiwi, paprika, druer, reddik, melon og appelsin.

 

5.    Korleis skjere opp ost

For å få til fine, rette osteskiver, treng ein ein god og skarp kniv. Varmt vatn til å dyppe kniven i før skjering av ost, er òg eit «must». Kreative måtar å skjere opp, eller forskjellige måtar å leggje osten på fatet, kan gjere fatet meir spanande. Ein kan bruke forskjellige former på osteskivene, for eksempel trekantar, rektangelform, halvsirkel osv.
6.    Korleis skjere opp frukt
Dersom ein har druer på fatet, bør desse verte klippa i små klasar. Då kan ein forsyne seg med litt meir enn ei drue om gongen. Frukt/grønsaker kan ein skjere i båtar, stjerner, spiral og andre former som kan passe med tanke på størrelse på bitar og at det er enkelt å forsyne seg av fatet. 

 

7.    Faste og mjuke ostar

Faste eller halvfaste ostar som for eksempel Norvegia, Jarlsberg, Gräddost og Ridder, bør skjerast opp i passande tjukke skiver og samlast på fatet slik at det er lett å forsyne seg og eta. Desse ostane er enkle å arbeide med, og kan skjerast opp i ulike former. Mjuke ostar skal ikkje skjerast opp slik som dei faste ostane skal. Desse skal ein hovudsakleg heller skjere av sjølv, når ein forsyn seg av dei for å eta dei. Eksempel på mjuke ostar, er kremost som Snøfrisk og TINE Kremgo’, blåmuggost som Norzola og Selbu Blå, og kvitmuggost som Camembert og Brie. 

8.    Nye idear

Eit tips er å sjå seg rundt for å få nye idear og inspirasjon, når ein deltek eller er tilskodar på tevling. Her kan det vera mykje fint. Det er lurt å få med seg open bedømming, og ikkje minst ha det kjekt når ein tevlar. 

Elin Sikveland med hennes foreløpig siste vinnerfat.

   

Norges Bygdeungdomslag: Pb. 9377 Grønland, 0135 Oslo
Telefon: 22 05 48 00 : E-post: post@nbu.no

   agrol  Landkreditt