logo

Du er her:

Fråsegn om skaugbruket

Vedteke på NBUs 1. representantskapsmøte 2018

I det grøne skiftet vil norsk skaug spela ei viktig rolle. Slik tilstanden er i skaugnæringa i dag vil det vera eit stort behov for rekruttering dei komande åra. Samstundes ser me at det vert alt vanskelegare for fylkeskommunane å halda ved lag dagens utdanningstilbod i den vidaregåande skulen. Dette mykje grunna låg oppslutnad. Bygdeungdomslaget ser betydninga av verdiskaping i skaugbruket og ser det difor som særs viktig å betra rekrutteringa til denne næringa. Rekrutteringa i skaugnæringa ber preg av at skaugen som regel ikkje er hovudinntekta på ein gard. Mange vel difor å prioritera ei anna utdanning. Dette fører til låg oppslutnad om skaugfag både på vidaregåande skule og i høgare utdanning. Fleire fylke har av denne grunn avvikla heile skogsutdanninga.
 
Norges Bygdeungdomslag vil i det komande året arbeida meir med rekrutteringa til skaugnæringa. Dette arbeidet vil bestå av prosjekt og skulering som vert halde av bygdepolitisk nemnd og eit eige prosjektutval. Nemnda og utvalet vil ha auka rekruttering til vidaregåande skaugliner som hovudfokus, men vil og jobbe med behov og syfte av utvida skaugfagleg tilbod ved høgskuler og universitet. Som del av dette ser me det naudsynt med ei kartlegging av behovet for skogsarbeidarar og tilknytta fagfolk. Me vil og vurdere om nasjonale liner er å foretrekke framfor fylkeskommunalt ansvar for den vidaregåande oppleringa. Under heile arbeidet vil me halda kontakt med andre skaugfaglege organisasjonar med felles mål, slik at me kan heva kunnskapsnivået i laget

  

Norges Bygdeungdomslag: Pb. 9377 Grønland, 0135 Oslo
Telefon: 22 05 48 00 : E-post: post@nbu.no

   agrol  Landkreditt