logo

Du er her:

Ungdommen er taparen når gardsbruka blir dyrare

Tora Voll Dombu og Gaute Eiterjord var på trykk i Nationen om prisvekst på norske gårdsbruk.

Nationen melder 28. september om ein kraftig prisvekst på gardsbruk i løpet av dei siste ti åra. Ifølge Statistisk sentralbyrå har den gjennomsnittlege prisen auka med 93 %, frå 1,3 millionar i 2006 til 2,5 millionar kr i 2016. Det er og store sprik mellom fylka. Prisveksten på einebustader har til samanlining auka med 57 % i same periode.

Årsaka er at politikarane stadig svekker regelverket for kjøp og sal av landbrukseigendommar. Dagens lovverk skal sikre at gardsbruka våre har fast busetjing og at jorda er i drift, men er stadig under press. Så seint som i juni vedtok eit fleirtal på Stortinget, beståande av Høgre, Framstegspartiet og Venstre, å auke arealgrensene for når ein må søke konsesjon frå 25 til 35 mål.

Det betyr i praksis at om lag 13 000 fleire landbrukseigendommar kan seljast utan buplikt eller odel. Mange  gardsbruk over heile landet, og særleg i distrikta, blir del av same eigendomsmarknad som fritidsbustader. Men gardsbruka våre skal produsere mat, ikkje bare vere trivelege feriehus. Ifølge eigendomsmeklarane er det ein aukande interesse for å bu på landet. Kven blir dei nye eigarane om prisane fortset å skyte i været? Blir unge agronomspirer som vil dyrke mat, eller eldre folk som har godt med pengar og ønsker feriehus?

Statistikken viser og at det er fleire kvinner som overtar mindre bruk enn større bruk. Skal ein satse på jamstilling treng ein dei små bruka. Stortinget har mange gonger, seinast i behandlinga av jordburksmeldinga i vår, lagt vekt på kor viktig det er med rekruttering både av unge og kvinner. Det nye Stortinget må gjere fagre ord om til handling og hindre ytterlegare uthòling av konsesjonslova.

Innlegget sto opprinnelig på trykk i Nationen 3.10.2017

Kontakt

Telefon: 22 05 48 00

E-post: post@nbu.no

   

Norges Bygdeungdomslag: Pb. 9377 Grønland, 0135 Oslo
Telefon: 22 05 48 00 : E-post: post@nbu.no

   agrol  Landkreditt