Hodet på rett plass
Våren 2024 fekk Norges bygdeungdomslag innvilga 130 000kr frå Samferdselsdepartementet for å gjennomføre eit prosjekt med fokus på trafikksikkerheit.
Bakgrunnen for prosjektet er at NBU har fremja trafikksikkerheit ved fleire ulike anledningar tidlegare, både gjennom Aksjonsuka, men og i form av vedteken politikk i organisasjonen. Det er eit tema som er like aktuelt då som nå, og dermed vart det naturleg å ta opp tråden enda ei gong! I følgje tal frå Ung i trafikken, ser ein at unge vaksne er dei som er mest utsette for trafikkulykker i Noreg i dag. Sidan trafikkbiletet er annleis på bygda enn i byene og har eigne utfordringar, er det aktuelt for oss å setje fokus på nokon av utfordringane ein kan møte på. For å vise dette på best mogleg måte, var tanken å lage korte videosnuttar til NBU sine kanalar.
Det vart sett ned ei prosjektgruppe, beståande av Karine Berge, Maria Gullord, Malin Solberg, Kristian Holmgard og Ole Erik Holtung. Denne prosjektgruppa arbeida med ideane bak videoane og gjennomføringa av prosjektet. Gruppa vart samla over to helger, ei i juni og ei i august.
Den fyrste helga samlast me på Landbrukets Hus for å starte arbeidet med prosjektet. Prosjektgruppa kom med mange idear om korleis dette skulle gjennomførast og til slutt enda me på åtte ulike videoar. Deretter vert det laga manus og køyreplan slik at det skulle vere klart til neste helg. Denne helga var og NBU Media til stades. Dei fekk kurs av Red Ants i korleis ein kan filme og redigere videoar. I tillegg var dei og til stades på sommarstevnet til Akershus BU, der dei fekk øvd seg på filming. Det var ei helg fylt med både kurs, planlegging og sosialt opplegg på kvelden!
Prosjekthelg nummer to gjekk av stabelen i august. Då møttest rundt ti bygdeungdommar i Lier for å filme inn dei planlagde videoane. Her fekk me og god hjelp av Red Ants. Dagen var innhaldsrik og morosam, og alt gjekk etter planen. På kvelden var me ute og åt god mat. På søndagen redigerte me videoane, laga tekster og publiseringsrekkefølgje. Det ferdige resultatet finn du ute på vår Instagram og TikTok-konto!
Tekst av Karine Berge.