Uttale fra Norges Bygdeungdomslag, vedtatt på 1. representantskapsmøte 2024.

No når prisane har skote til vêret, og økonomien er pressa, nedprioriterast berekraftige val sidan det vert for dyrt. Kva skal til for at bilen parkerast?

Ungdom, studentar og lærlingar er alle grupper med dårleg økonomi. Slik Regjeringa har vedteke studentrabatt-ordninga i dag gjeld den berre for fulltids-studentar ved fagskular, høgskular eller universitet. Elever ved vidaregåande skular får tilbod om ungdomskort eller gratis skuleskyss. Derimot er det inga slik ordning for lærlingar. Kvifor får ikkje lærlingar moglegheita til å nytte seg av same tilbod som andre jamgamle? Lærlingane tek og ei utdanning, og blir ikkje lønna på same måte som ein fagarbeidar, derfor burde dei og få godane som følgjer med ein studentrabatt. Ei slik ordning vil gjera det lettare for unge å koma seg rundt, for ein rimeleg penge.

Den nasjonale ordninga tilseier at studentrabatten skal gjelde på periodebillettar. I tillegg har enkelte fylker innført rabatterte prisar på både enkelt-billettar og periodebillettar. Dette er ei god løysning for alle dei som ikkje har bruk for ein 30-dagersbillett. Ei utvida ordning med rabatterte prisar på alle kollektiv-reiser vil minske utgiftene for reisande, samt bidra til at fleir nyttar seg av kollektivtilbodet. I tillegg til prisen er og tilbod ei forutsetning. Ein kan ikkje forvente at bygdeungdommen nyttar seg av kollektiv-tilbodet, når det ikkje eksisterer.

Kollektivtilbodet skal binda samfunnet saman, og då må det vera mogleg for alle å nytte det.  Ein kan ikkje reise miljøvennleg med bussen, dersom den ikkje går gjennom bygda. Det er rett å slett ikkje ein moglegheit å parkere bilen. Enkelte plassar går det berre skulebuss. Då har ein ikkje eit reelt kollektivtilbod. Berre eit par avgangar ekstra, kan utgjera ein enorm forskjell. No må det kome eit krafttak for betre kollektivtilbod på bygda!

Norges Bygdeungdomslag krev:

  • At det vert billigare for alle å nytte seg av kollektivtransport, særleg miljøvennlege kollektivløysingar. Det må vera ungdomsrabatt på alle tenester, som bør gjelda alle under 20 år.
  • At alle lærlingar får studentbevis, og kan nytte seg av studentrabatt.
  • Kollektivtilbodet på bygda må betrast slik at bygdeungdom har same moglegheit til å reise miljøvennleg i kvardagen som andre unge.
  • At all trafikk skal verte meir miljøvennleg, og at det leggja til rette for klimavennleg transport i distrikta.
  • Større utbygging av jernbanenettverket i Noreg, og at alle tettstader som ligg ved ein jernbane har regelmessige togstopp.