Tekst: Roar Nedrebø, 27 år

Saken er først publisert i Bygdeungdommen 01/2023

Når eg kjem på eit arrangement kan eg på ei hand telje dei eg møtte på mitt første sentralarrangement som framleis er aktive i bygdeungdomslaget. På landsstemnet i Hedmark var det ikkje før eg sto som A-vakt under veteranfesten at eg drog kjensel til fleire kjente ansikt. Det var ei lita glede som varma meg når dei helsa på meg, blikka møtte og fleire minner kom att, samstundes var dei overraska over at eg framleis var aktiv.

Eg starta min BU-historie likt så mange andre medlemar, gjennom eldre sysken. Min bror var ein aktiv og sosial person, han var leiar for eit landsstemne og sat i båe lokallags- og fylkesstyre. Alt dette gjorde han før han vart 27 år, etter det var han ferdig. Sjølv er eg 27 år og har vore aktiv i over 10 år, og er framleis aktiv. Eg sit i lokallagsstyre i Gjesdal, i min tid der har eg vore innom alle verva, men er no økonomiansvarleg. I tillegg sit eg i fylkesstyre på mitt tredje år til saman. Eg føler eg framleis har mykje å gje til bygdeungdommen, men kvifor føler eg meg gamal?

Ut frå aldersstatistikken på nbu.no har bygdeungdomslaget totalt over 6600 medlemar, men berre snautt 800 av dei er mellom 26 og 30 år. I mitt lokallag har me  til dømes fleire medlemar over 30, dei er saman med dei andre 464 medlemane i NBU for «gamle» og for få til ein meir detaljert statistikk. Norges Bygdeungdomslag er av og for ungdom, men når slutta ein å vere ungdom? Eg kjennar fleire som er like gamal eller yngre enn meg så tenkjer dei er for gamle for BU, dei var med frå dei var 16 til dei vart 23, då byrjar dei å føla seg gamal.

Eg forstår dei litt, å kome på ein bygdefest kor det berre vert spela russemusikk eller når ein kjem på landsstemne og vert møtt av soundboxar med så høg musikk at alt du høyrar er bassen. Det freistar ikkje så mykje å reise att då. NBU har gjort ein innsats for å inkludera eldre medlemar, med veteranleir og veterantur til utlandet. Men samstundes kan ein lure på om det å setja «gamlingane» i ein boks for seg sjølv er til det beste, Desse turane har ei grense på 23 år, meiner NBU at ein er veteran når ein er 23? Ja ein kan ha fleire år bak seg når ein er «veteran», men ein har framleis mange år att i ungdomen.

Meininga bak denne teksten er å nå ut til dykk som lurar på det same så meg, er eg for gamal for BU? Eg meiner NEI! I bygdeungdomslaget er det ingen aldersforskjell. Her kan ein dansa swing, tevla og ha det kjekt saman, sjølv om alderen ikkje er lik, det er det så er så flott med å vere medlem av Noregs største vennegjeng. Den er barrierebrytande! Eg gler meg til neste arrangement kor eg kan møta medlemar i alle aldrar, både kjente og nye vennar.