TEKST Sigrid Heringstad, tevlingsleder NBU

Høstarrangementet i Norges Bygdeungdomslag er eit årleg arrangement, og er eitt av to sentrale arrangement i vår organisasjon i løpet av året. I år er Buskerud Bygdeungdomslag arrangør, og de har invitert oss alle til å ta turen til Hvittingfoss den 7. til 9. oktober for å delta på årets tevlingsfest!

Tevlingar er konkurransane vi har i bygdeungdomslaget, og det er ein stor del av vår organisasjon. Dei har gjeve oss eitt spesielt særpreg, særleg med tanke på alle norgesmeisterskapa vi får arrangere, og med tanke på kor mange ulike tevlingar det er. Med ein heil drøss av både individuelle og lag tevlingar så finst det noko for alle, og vi vil ha flest mogleg til å delta på all moroa som er å tevle!

Saken fortsetter under bilde

Glade jenter på NBUs Høstarrangement

Susanne Røed Gromstad og Kristin Engvik tar en pause i høstsola etter motorsagtevling på Høstarrangementet 2021.

For moro er det, elles hadde vi ikkje haldt på med dette heilt sidan 1946. Tevlingane er ikkje kun konkurransar men også ein utruleg sosial arena der ein kan møte andre med same interresar som seg sjølv. I tillegg kan ein lære mykje nytt, særleg om ein prøvar ei ny tevling, kanskje ein finn ei ny interesse? Ein ting er i alle fall sikkert, terskelen for å melde seg på er låg. Alle har begynt ein gong, og det er ikkje skummelt å spørja meir erfarne tevlarar om tips og triks!

Høstarrangementet er verkeleg ein tevlingsfest, for i løpet av snaue to dagar blir det arranger heile ni tevlingar, og seks av desse er norgesmeisterskap! Blant anna arrangerast det NM i motorsag og maskinmjølking, samt NM i blautkakepynting og NBU meisterskap i bygdequiz og friluftsmatch. Med andre ord er det eit godt utval av ulike tevlingar å sjå fram til.

Vi nærmar oss Høstarrangementet med stormskritt, og plutseleg er vi samla igjen til tevling og fest på Hvittingfoss. Eg gler meg stort og håpar å sjå mange tevlarar i aksjon der, både nye og gamle. Så her er det berre å melde seg på, og gjerne prøv ei tevling du ikkje har prøvd før. Kanskje overraskar du deg sjølv og finn ei ny interesse, kanskje du til og med kan smykke deg med ein tittel som norgesmeister!

Kjøp billetter til Høstarrangementet 2022