Om det er naudsynt med endringar i NBU sine vedtekter.

  • Det er naudsynt med endringar i vedtektene når det gjeld fylgjande punkt: Korleis fylkesstrukturen skal være og gjensidig representasjon med bondelaget. 

Korleis NBU sin verksemd må tilpasse seg nye regionar: Økonomisk støtte frå fylkeskommunane, representasjon i ulike fora på fylkesnivå og kontakt med politikarar i fylkeskommunen. 

  • Økonomisk støtte frå fylkeskommunane vert ei utfordring dersom fylkeslag i NBU vel og ikkje fylgje ny organisasjonsstruktur (ergo ikkje slå seg saman). Dette kan ein enkelt løyse ved at fylkeslaga i nye regionar har eit felles forum for samarbeid (t.d. eit felles arbeidsutval). 
  • Representasjon i fora på fylkesnivå utan at fylkeslaga slår seg saman kan ein løyse ved å ha ei løysing der fylka bytter på å representere (eit fylkeslag eit år, eit anna neste år). 
  • Kontakt med politikarar i fylkeskommunen skjer i liten grad i dag, men dersom dette vert meir aktuelt i framtida kan dette også bli løyst gjennom eit felles samarbeidsorgan. 

Kva viktige samarbeidsorganisasjonar vel å gjere. Per i dag er det gjensidig representasjon med Norges Bondelag og Norges Bygdekvinnelag både på lokallagsnivå, på fylkesnivå og sentralt. Ein bør også sjå på korleis andre frivillige organisasjonar vel å organisere seg med omsyn til regionreforma. 

  • Utvalet har vore i kontakt med Norges Bondelag og Norges Bygdekvinnelag gjeldande gjensidig representasjon. Norges Bondelag innstiller i utgangspunktet på å slå saman sine fylkeslag. Forslaget til framtidig løysing dersom fylkeslaga i NBU ikkje vel å slå seg saman er at fylkeslaga i NBU får ein representant inn i nye fylkesbondelag, medan dei nye fylkesbondelaga utnemner fleire representantar til fylkeslaga i NBU (ein representant per fylkeslag i NBU). Dette inneber at fylkeslaga i NBU må finne løysingar for frammøte (annakvart år, t.d.). Representasjon på lokalt og sentralt nivå vert ikkje påverka av reforma. Norges Bygdekvinnelag har foreløpig ikkje intensjon om å slå saman sine fylkeslag, så her kan representasjonen fungere som tidligare. 
  • Utvalet har også vore i kontakt med andre organisasjonar (ideelle og politiske). Det er ikkje noko eintydig svar på korleis andre organisasjonar løyser dette – nokon innstiller på å slå saman fylke, nokon har ingen strategi i det heile, nokon innstiller på felles samarbeidsorgan og nokon gjer større endringar uavhengig av nye fylkesgrenser. 

Oppfylging av lokallag og medlemmer. Fylkeslaga har per i dag varierande storleik både når det gjeld medlemmer og talet på lokallag. Sjå på korleis ein skal organisere NBU slik at både fylkeslaget, lokallaget og medlemmene sine interesser blir ivareteke. Vurdere kva struktur som skapar best organisasjonsdemokrati og mest aktivitet.

  • Utvalet meiner at fylkesstrukturen vi har i dag ivaretek oppfylginga av lokallag og medlemmer best – dette skapar best organisasjonsdemokrati og mest aktivitet. Større fylkeslag fører til fleire lokallag, og dersom ein slår saman fylkeslag må ein finne andre løysingar for oppfylging av desse. Det vert også fleire tillitsvalde og fleire engasjerte dersom ein ikkje slår saman fylkeslag – fleire kan stille i styrer, og fleire kan væra representert på NBU sitt årsmøte, samt representantskap. 

Kva omsyn som er viktigast for NBU (kontakt mot fylkesledd, samarbeid med andre organisasjonar, oppfylging av lokallag og medlemmer), og kva organisering som gjer at vi kan løyse desse oppgåvene på best mogeleg vis. 

  • Utvalet meiner at oppfylginga av lokallag og medlemmene er det desidert viktigaste for NBU. Vi er og skal framleis være ein aktivitetsorganisasjon – som skapar levande bygder og engasjerer oss lokalt. Samarbeid med andre organisasjonar og kontakt mot fylkeskommunen er også viktig, men vert tillagt mindre vekt. Utvalet meiner at å fylgje eksisterande fylkesgrenser ivaretek aktiviteten og organisasjonsdemokratiet betre enn større einingar.